Framtida vert skapt ved å forma dei yngste. Ikkje på konferansar, men rundt kjøkkenbord og i kvardagssitusjonar. Framfor alt treng ungane å høyre evangeliet og ta imot det i tru til Gud. Sjølv om dei veks opp i kristne heimar.
I eit stadig meir sekularisert samfunn med verdinøytralitet som ideal, vil ein i større grad enn før merka presset på familiane og kristne foreldre si soleklare plikt og grunnleggjande rett til å læra barna å tru på Gud.
Barns iver etter å læra Gud å kjenna er lett å oppdaga.
Alle barn har åndelege fysiske, psykiske og sosiale behov. Barns iver etter å læra Gud å kjenna er lett å oppdaga. Dette behovet er det vårt ansvar som foreldre og kristne generelt, ikkje berre å møta, men også å skapa ved å læra barna Guds ord og gje dei åndeleg mat som gjer dei både robuste i møte med det samfunnet dei veks opp i og frie til å vera seg sjølve i Guds kall for dei.
Fleire kristne retningar, også i Norge, har som si viktigaste, og kanskje einaste evangeliseringsform, å vinna sine eigne barn som basis for menighetsvekst. Vi ønskjer på ingen måte å vera avgrensa til dette, men vi må sjå verdien dette har og hjelpa kvarandre i ansvaret.
Gje barna evangeliet
På barneleir for nokre år sidan, rett før vi skulle dra igang leirens første samling, kom ein gut fram med kompisen sin som han hadde invitert med, og lurte på om denne kunne få ta imot Jesus no med ein gong, sjølv om det berre var første dagen. Kva dei to hadde snakka om på førehand skulle vera interessant å visst, men for meg er det nok å vita at det finnes 4.-klassingar som forstår det naudsynte i å byrja med byrjinga: høyra evangeliet og ta imot Jesus.
Opp gjennom åra har det forundra meg at så mange barn som veks opp i kristne heimar, som har fått del i både bibelhistorier og generell bibelkunnskap, men i mindre grad hjelp til å forstå evangeliet og gje respons til det. Vi tenkjer lett at barna ikkje kan forstå fordi dei er så små. Men då er det vi som ikkje forstår at vi undervurderer barna si kallsoppleving og Den heilage ande sin evne til å gje openberring.
Det er i relasjonen med Gud at dei vil ha ein identitet som ber og ei tru som sigrar.
Barna er skapte med ein gudgjeven rett til å få høyra godt nytt og hjelp til å tru. Dei fleste kan vel førestilla seg det håplause i å disipla menneske som ikkja har teke imot Jesus som frelsar og Herre. I beste fall oppnår ein død religion. Det er ikkje annleis med barna våre. Det er i relasjonen med Gud at dei vil ha ein identitet som ber og ei tru som sigrar.
Lær barna å ha tru til Gud
Skal vi læra barna å tru, må vi vera føredøme i tru sjølv. Det er ikkje slik at barn og unge skal ha del i alle ting som foreldre opplever utfordrande. Men det er heller ikkje alt som treng vera skjult for dei. Mange ting kan vera godt for dei å vera involvert i, slik at barna kan sjå foreldra si tru på Guds hjelp, ta del i bøn og gle seg over bønesvaret når det kjem. Det er stort for eit barn å erfara Guds omsorg og vita at han som hjelpte David og Paulus, er like nær oss når vi set vår lit til han idag. Det er ofte små nyansar som skil det å læra om den Gud vi trur på og det å læra å tru på Gud.
Tru Guds lovnader meir enn dårleg statistikk
Statistikkar kan gjerne seia noko om tendensen i samfunnet, men den må aldri få forma trua vår for våre eigne barn. Rundt oss er det mange røyster som vil fortelja oss at vi har all grunn til å frykta tenåra. Og desverre har eg mange gonger høyrt foreldre seia fram negative forventningar om sine eigne barns komande tenåringstid.
Josva sa det han hadde bestemt seg for, og vi treng å bestemme oss for det same:
Eg og mitt hus, vi vil tena Herren. (Jos 24,15)
(Teksten er et utdrag av artikkelen “Ta barna på alvor” som ble publisert i FOLK 2-2013.)