Jesus greip ofte tak i ting som hende i kvardagslivet og brukte situasjonane som oppstod til å læra disiplane sine. Det var når nokre av dei hadde gått og snakka om kven av dei som var den største, at Jesus nytta høvet til å læra dei at den som vil vera den største må tena alle.

På ei båtreise ei tid tilbake kom eg i prat med ein psykiater som jobba med ungdom i ein norsk storby. Han sa mellom anna at ein av dei store utfordringane for unge menneske i vårt samfunn, er å takla eit heilt vanleg liv med dei bølgjer og dalar som høyrer menneskelivet til. Som foreldre må vi hjelpe barna til å takla livet slik at dei veks på utfordringane i staden for å bli skada av dei.

Ein av dei store utfordringane for unge menneske  er å takla eit heilt vanleg liv.

Med rett hjelp kan dei bli sterke av motbakkane i staden for å bukka under. Å rømma frå alt det ubehagelege øydelegg unge sine evner til å leva med siger gjennom heilt vanlege kvardagar. Trua vår på Gud skal vel ikkje berre brukast på søndagar med fint vêr?

Bruk hendingar i kvardagen - sitatbilde

Mobbing på skulen er eit alvorleg problem som vi ikkje har lov å gje opp kampen mot. Men også for dei som ikkje vert utsette for mobbing, kan det skje vonde ting som gjer skuledagen til ei trist oppleving.

Trenden idag er at ingenting må opplevast ubehageleg.

Å berre seia at dei får ordna opp sjølv, blir fort for lettvint og i mange tilfelle uansvarleg handling frå foreldra si side. Men å verna dei frå alt ubehaget og ordna opp for dei, lærer dei ingenting. Trenden idag i store delar av samfunnet er at ingenting må opplevast ubehageleg. Kanskje vi saman med barna, kan sjå litt bak forhenget hjå vanskelege medelevar, og forstå deira utfordringar også. Kanskje vi til og med kan stryka dei frå fiendelista og sjå på dei som menneske vi kan gjera noko for å hjelpa. Om skulekameratane er trulause, kan vi hjelpa våre barn til å vera trufaste. Som oftast vil dei velja dette, om dei skjønar kvifor ting skjer. Dei kan heva seg til nivået av eigen identitet i Kristus og gjera eit par gode val for sin eigen del. Då har vi alt snudd noko vondt til noko godt.

Vi har kraft til å halda kjenslene våre i sjakk.

Når kjenslestyrte jenter i skulealder stengjer kvarandre ute med iskalde skuldrer og blikk som kan drepa, har vi andre våpen. Vi har kraft til å halda kjenslene våre i sjakk, Guds ord til å styra eigne haldningar og tankar, nåde til å tilgje og bøner som kan forandra alt. I vår eiga erfaring i familien, er det lett å sjå korleis vanskelege skulesituasjonar har vorte eit springbrett til modning og vokster for barna, både på det menneskelege og det åndelege plan.

De har ikkje møtt andre freistingar enn slike som høyrer menneskelivet til. Og Gud er trufast, han skal ikkje la dykk bli freista over evne. Nei, midt i freistinga vil han òg visa ein utveg, så de kan halda ut. (1 Kor 10,13)

Frigjering og tryggleik

Ei kristen jente på 17 møtte nokre litt yngre jenter som ho kjende godt. Då dei såg jakka hennar, vart dei heilt frå seg av beundring og lurte på kor i all verda ho hadde fått tak i den og kva den kosta.

– Eg har kjøpt den på Fretex, svara ho med eit trygt smil. Dei yngre jentene fekk hakeslepp og etter litt kom det:
– Eg kunne aldri sagt til vennene mine at eg hadde kjøpt noko på Fretex.

Eit enkelt døme, men talande nok om den hjelp desse ulike jentene har fått til å vera fri og trygg i sin eigen identitet og til å stå for sine eigne val av verdiar.

(Teksten er et utdrag av artikkelen “Ta barna på alvor” som ble publisert i FOLK 2-2013.)