Vil menneska generelt bli meir syndige, umoralske og korrupte, eller vil dei bli meir rettferdige, moralske og styrt av gode etiske verdiar etter som tida går?
Svaret vil vera farga av korleis vi forstår dei fire store hendingane i Bibelen: Skapinga, fallet, frelseverket og den evige fullendinga.
Historiske kyrkjesamfunn forstår ofte dette slik at menneskeslekta vil gå frå vondt til verre på grunn av synda, forfallet i verda og den ibuande syndige menneskenaturen. Desse tinga bind henne til moralsk og åndeleg forfall.
Desse fire sentrale hendingane kan ut frå Skrifta også sjåast i eit anna perspektiv. Gud skapte mennesket i sitt bilete. Som uskuldige barn kom dei frå Guds skaparhand, men utan ei ibuande rettferd. Difor valde dei feil og åt av treet til kunnskap om godt og vondt, som Gud hadde forbode dei å eta av.
Synda kom inn i verda og i den første familien vart ein av to brør ein mordar. Etterpå gjekk ting frå vondt til verre, heilt fram til Noahs tid då Gud greip inn og gjorde ende på vondskapen.
Så gav Gud menneska ein ny start på ei ny jord som steig opp av domsvatnet og han sette grenser for vondskapen og menneska si levetid. Gud reiste opp Abraham og gjennom han Israelsfolket som fekk gode lover å leva etter. I si samtid var desse lovene eit stort framsteg.
Jesus skal vera konge inntil alle fiendar er lagde under hans føter.
Likevel er det slik at når vi les om all krigføring og dreping i Det gamle testamentet, så grøssar vi. Ser vi bakover i historia og samanliknar med stoda i dag, kan vi slå fast at menneskeslekta har gjort store framsteg.
Det store skiljet kom med Jesus Kristus. Han nytolka lova og lærte at det handlar om å elska Gud og alle medmenneske. Gjennom Jesu død og oppstode vart dei vonde maktene overvunne, avvæpna og bundne, og har langt mindre spelerom i dag enn i tidlegare tider.
Les også: Velg Guds fred, ikke korona-frykt (Terje Dahle)
På pinsedag vart Den heilage ande aust ut over alle menneske, og har vore verksam på jorda på ein heilt annan måte enn før pinsedag. Han overtyder menneske om synd, rettferd og dom når evangeliet blir forkynt. Når folk kjem til tru, blir dei fødde på ny og blir nye skapningar, med Den heilage ande buande inni seg.
Når det i dag finst millionar av menneske på jorda som er fødde på ny, lyfter det standarden for heile menneskeslekta. Kristendommen, som ikkje eksisterte for 2000 år sidan, er i dag den største religionen. Dette er ei stor velsigning og har stor påverknad på heile menneskeslekta.
På grunn av Jesus har dei onde maktene langt mindre spelerom i dag
Den gylne regel om å gjera mot andre det vi ønskjer dei skal gjera mot oss og det nye bodet om å elska kvarandre slik Jesus elska ved å leggja livet sitt ned for oss har gjennomsyra og forma heile den vestlege sivilisasjonen. Kristen tankegang og kristne verdiar har i stor grad påverka den menneskelege utviklinga til det betre.
Det er ikkje lang tid sidan vi fekk formulert menneskerettane. Desse har vorte ganske allment godtekne. Sjølv om dei blir etterlevd i veldig varierande grad, har dei ført til framsteg for menneske og sett grenser for synd og urett.
Lytt til Sennep-podden: Klimakrise og endetid (Med Erling Thu)
Sjølvsagt er ikkje alt betre i våre dagar enn før i tida. Det er mange skremmande ting som skjer i vår tid, men sett i eit lengre perspektiv kan det ikkje vera tvil om at utviklinga har vore til det gode.
Det gode og det vonde vil eksistera side om side på jorda heilt til Jesus kjem tilbake. Endetida vil vera ei innhaustingstid. Jesus omtalte denne som ein kveiteåker der ein uvenn hadde sådd ugras, ikkje ein ugrasåker med litt kveite i.
Kristen tankegang har påverka den menneskelege utviklinga til det betre
Gud fullfører sin frelseplan og skal samla alt til eitt i Kristus, alt i himmelen og på jorda. Då må vi tru at utviklinga går mot det betre. Gud gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. Jesus har sett seg på kongsstolen, og skal vera konge inntil alle fiendar er lagde under hans føter. Då må vi tru at framtida ser lysare ut enn fortida!
Likevel må vi halda fast på den bibelske realismen som seier at i endetida vil det vera lett å sjå skilnad på rettferdige og urettferdige, på dei som tener Gud, og dei som ikkje tener han.
Les også: Ubrukelig for Gud (Sunniva Ørnes)
Dei som held fast på gudløysa si, vil gå frå vondt til verre og halda fram med uretten sin og det ureine livet. Dei rettferdige vil halda fram med å leva rett og godt. Dei heilage vil gjera framsteg i si helging.
Sjølv om dei gudlause minkar i tal, vil kontrastane bli større og motstanden spissa seg til. Det blir alltid polarisering når evangeliet går fram, for den vonde veit at tida hans er kort.
(Artikkelen er et utdrag fra boka: Endetida og Jesu gjenkomst i lys av Bibelen av Erling Thu, kap 12.4. Boka kan bestilles her.)
Håp for verden er en serie på sju episoder publisert i Bibelkvarteret på Sennep.net. Serien bygger på boka Endetida og Jesu gjenkomst i lys av Bibelen skrevet av Erling Thu i 2019. Boka har fått kritikk for å være for optimistisk i sitt endetidssyn, og i serien får du høre forfatterens egen begrunnelse for dette.
Episoder: