Jesus gav sitt liv for kvart enkelt menneske. Men vi må også forstå at han gav sitt liv for menigheten.

Jesu død og oppstandelse forandrer alt. I han finner jeg min sanne identitet som menneske. En viktig side av denne identiteten er at jeg aldri er alene. Han har gjort meg til en del av sin store familie. 

I denne episoden av Bibelkvarteret vil eg snakka om identitet. Vi skal ha eit fokus på at den identiteten vi har i Jesus Kristus, er ein identitet som bind oss saman og gjer at vi tilhøyrer kvarandre på ein ny måte.

Ein av dei store utfordringane i vårt samfunn er ensomhet. Mange eldre og yngre menneske har alt men manglar fellesskap. Dei treng vennskap som er sterkare enn berre overfladiske relasjonar. Dei treng livsnære forhold å høyra til i.

du greier deg faktisk ikke alene - sitatbilde

Ingen har nok berre med seg sjølv! Alle treng å kjenna identitet i eit fellesskap. Mange finn identitetsfellesskap i ulike sosiale og interessebaserte nettverk eller grupper. Det same er tilfelle med gjengkulturar med kriminelle og fiendlege haldningar mot andre. Men eg trur at alt har ei felles rot: Vi er alle skapt for å høyra til i fellesskap med andre!

Legg difor av løgna og snakk sant med kvarandre! For vi er lemer som høyrer kvarandre til. (Ef 4,25)

Det gjekk tidleg opp for meg at eg ikkje kunne greia meg sjølv som kristen. Eg måtte finna ut av ting og få del i ting for min eigen del. På ein måte opplevde eg at eg hadde ein leiande rolle i den kristne vennegjengen. Eg forstod at Gud hadde ein plan med oss som flokk og var veldig ivrig etter at vi alle skulle koma oss vidare i erfaringane med Gud. Men eg hadde berre ingen svar på korleis. Vi måtte finna eit eller anna menighetsfellesskap der det var folk som kunne hjelpa.

Eg bad til Gud og han svarte. Då dei rette folka dukka opp, berre visste eg at eg hadde funne ein åndeleg familie for meg sjølv, som samtidig kunne gje den nødvendige hjelp til oss som gruppe. I dag har eg over 30 års erfaring med kor mykje eg treng andre og andre treng meg. Ikkje ein gong presentasjonen av denne undervisningen på Sennep, har eg vore åleine om, men har sparra med andre som ser ting eg ikkje ser, og høyrer ting med øyre som høyrer annleis enn mine.

Hadde det ikkje vore for menighetsfelleskapet, hadde eg aldri vore den eg er idag, verken for meg sjølv, for kona mi, for familien min, for menigheten, for naboane mine – eller for nokon!

Folk frå øyane utanfor og rundt Bergen, blir kalla for strilar. Det fins mykje artig lesestoff om dei historiske motsetningane mellom “Bymann og stril”. Sjølv vaks eg opp på strilelandet, og snakka, forstod og tenkte som andre strilar. Og vi fann lett tonen fordi vi alle hadde same kulturelle identitet. Ein dag var det ein som sa til meg: “Her på øya kjenner du dei fleste, du veit korleis folk tenkjer, du fungerer godt og har kontroll på det meste. Men om du trur at Gud har kalla deg til meir enn Osterøy, kan det vera lurt å vurdera å flytta til by´n”.

Både eg og kona kjende veldig godt for dette og flytta til byen. Dei ti åra vi budde der, var veldig viktige for oss. Vi lærte at det går an å vera dei vi er utan å vera begrensa i forholdet til andre som er ulike oss. Vi lærte å forstå oss sjølv som Guds barn i eit familiefellesskap med stort mangfald. Når vi no bur på strilelandet igjen, og eg finn meg sjølv i min eigen kultur, saman med folk som har olje på hendene, løftebukk i garasjen og verktøy i bilen, så kjenner eg likevel velsigninga av å tilhøyra eit felleskap som inkluderer alt guds folk. Det som bind oss saman er så mykje større enn interesser og kulturell bakgrunn.

Samfunnet vårt har lenge blitt meir og meir prega av individualistisk filosofi. Det vil sei at trua på individet sin fridom og rettighet er viktigare enn omsynet til fellesskapet. Sjølv om det kan vera ubevisst, skjer det at mange ser seg sjølv i sentrum for alt, og trur at alt rundt meg er til for meg og for at eg skal realisera meg sjølv. Også på dette området, er den kristne tenkjing heilt annleis.

I Bibelen lærer vi at alt er alt skapt ved Jesus, for Jesus og til Jesus. Vi som menneske er også ein del av den planen Gud har for sin Son. Den frelse som er gitt oss ved trua på Jesus, er starten på eit liv der vi treng å finna plassen vår i noko som er mykje større enn oss sjølv. Det handlar om at Gud skal få sitt fellesskap slik han vil det skal vera og at dette fellesskapet skal bli det verktøyet han treng for å fullføra misjonspåbodet. I møte med Jesus, blir livet forandra, den gamle menneskenaturen blir borte og vår nye identiteten vi får av Gud, begynnar å setja sitt preg på livet vårt. Bibelen brukar brutale uttrykk på denne prosessen, men eg vil gjerne forklara det slik at blir lettare å forstå. Det brutale, men likevel frigjerande, er at vår gamle identitet dør med Jesus på korset, og den nye identiteten vår har sitt grunnlag i sigeren han vann over døden då han stod opp fra grava.

Eg høyrde ei forteljing om ein mann som ikkje var kristen, men som hadde ei kristen kone og kristne barn. Mannen var stadig full, huset deira stinka av røyk og sprit, og på fjernsynet var det berre ein ting han ville sjå på; porno. Han skjelte ut alle i familien sin og var valdeleg mot dei alle. Ein dag mamma og barna kom heim frå gudsteneste venta dei å møta den vanlege kjeftinga og forbanningane som han alltid lirte or seg. Men denne dagen var det stille. Lukta og lyden frå fjernsynet var der, men ingen skrikande og forbannande ord. Dei gjekk inn og fann mannen død. Synd og freistingar mister grepet sitt på folk når dei dør. Det er ingen respons til synda lengre. Sjølv om vi sjølvsagt ikkje snakkar om fysisk død, når vi snakkar om å dø med Jesus Kristus, så er det litt same prinsippet som gjeld. Det som står Gud imot, mister grepet, fordi det finn ikkje den gamle landingsplassen lengre. Identiteten har blitt ein annan.

Bibelen seier at ein døydde for alle, derfor er vi alle døde, og at vi skal rekna oss som døde for synd, men levande for Gud. Då Jesus døydde på krossen, så tok han heile den gamle menneskenaturen på seg, med all den synd, stolthet, individualisme, religiøsitet og alt som elles var av ting som står Gud imot, for å gjera ende på det. Å bli kristen er å bli einig med Gud, at det ikkje nyttar å pynta på det gamle, men la Jesus ta det med seg opp på korset og rekna det som ferdig og borte, ein gong for alle. Det er å la han få lov å realisera sin draum i oss og ikkje omvendt. Det er å begynna å tenkja silk han tenkjer og la hans vilje bli vår vije, og hans plan vår plan.

Det hender at det som høyrest brutalt ut, er vegen til fridom. Slik er det fordi Guds prinsipp ikkje er som denne verdens prinsipp. Det gode er at Guds prinsipp fungerer.

Jesus sa at ingen kan vera min læresvein utan at han tek opp korset sitt og følgjer etter meg. Betydninga av korset for oss, er at vi kjem til enden av oss sjølv, gir opp vår eigen måte å leva for oss sjølv på, og får eit nytt liv med Jesus i sentrum.

Der – ved korset blir vi frie frå synd og skuld, frie frå dårleg samvit, frie frå sjølvanklage og børa av å koma til kort. Dette skjer ikkje fordi Gud elska oss så høgt at han berre såg mellom fingrane med synd, men fordi Jesus betalte skulda vår og gjorde opp for oss.

Jesus gav sitt liv for kvart enkelt menneske. Men vi må også forstå at han gav sitt liv for menigheten. Om ikkje menigheten hadde betydd mykje for Jesus, hadde han vel ikkje gitt livet sitt for henne heller.

For å sjå dette endå klarare, vil eg gjerne forklara noko for deg frå skapelsesforteljinga i Bibelen som vil vera heilt nye tankar for dei mange. Men om du følgjer poenget mitt litt, vil du sjå noko spennande om det vi snakkar om her.

Då Gud i begynnelsen av Bibelen, såg på mannen som han hadde skapt, Adam; sa han: “Det er ikkje godt for mannen å vera åleine.” For å løysa dette problemet gjorde Gud først noko som var veldig merkeleg, han førte alle dyra fram for Adam. Adam gav dei navn, men fann ingen hjelp for seg sjølv. Det han oppdaga derimot, var at alle dyra var to, hann og ho, mens han sjølv var berre han. Dei var par. Han var åleine. Han sette navn på alle, men blei ikkje forelska i nokon av dei. Men Herren let ein søvn koma over han, tok ut eit ribbein, fylte att med kjøt og av beinet bygde han ei kvinne. Då sa Adam: Dette er kjøt av mitt kjøt og bein av mine bein, ho skal kallast kvinne for ho er teken av ein mann. I Eva fann Adam ei han kunne elska og som kunne elska han tilbake, ei han kunne arbeida saman med, ei som kunne vera ei hjelp for han, ei han kunne fullføra oppdraget sitt saman med, ei som passa for han sjølv og som var lik han sjølv fordi ho var tatt av han og bygd av han.

Dette med alle dyra er kanskje merkeleg, men Gud let Adam oppdaga ein lengsel i sitt eige hjarta som óg var i Guds hjarta; Jesu lengsel etter ei hjelp som passar for han, og fars draum om å gje son sin ei brur.

Menigheten er Jesus si brur. Han elskar brura si, menigheten og er oppteken av at ho blir bygd saman til modenhet og herlegdom. Hadde vi forstått kor mykje Jesus vil at vi skal la vår nye identitet i han finna sitt fullkomne uttrykk i fellesskapet, så hadde vi aldri gått omkring uten å vera ein overgitt del av eit menighetsfellesskap.

Vårt individualistiske samfunn har sett sitt preg på heile vår tenkjing. Det viktige for oss har ofte blitt kva eg får ut av ting, kva eg likar, min måte å oppleva Gud på, korleis eg kan få det eg treng. Eg, eg, eg. Mange av sangane vi syng er ofte fokusert på det same. Det har sin rettmessige plass, men det er ikkje alt.

Det viktige for oss skulle alltid vera “Kva er det som er viktig for Gud?”

Vi takkar Gud fordi vi alle kan lesa vår eigen bibel, og høyra frå Gud sjølv. Men om vi berre skal høyra det Gud talar til oss direkte, uten å høyra det han seier gjennom kroppen sin, endar vi fattige. Ei skål kan berre romma eit visst mål og har ikkje plass til meir enn det den rommar. Men om den gir frå seg alt den rommar til andre, vil Guds stadige påfyll få liv og overflod til å flyta over.

Å ja, det kan ofte vera enklare å leva for seg sjølv og sleppa å ha noko med trøblete kristne å gjera. Sleppa å møta på gruppesamling der det er altfor lite rom for å snakka om det du brenn for, uten sjølv å bry deg det minste om kva andre brenn for. Sleppa å stå opp tidleg søndagen for å gå på gudsteneste og høyra ting du har høyrt før, men kanskje ikkje høyrt likevel. Sleppa å gå på samlingar der det aldri kjem nye folk, som heller ikkje du har invitert med. Sleppa å sjå alt som er mangelfult og feil med menigheten uten å tenkja på at du sjølv er ein del av det same fellesskapet og at det kanskje ikkje hadde vore så dumt å begynna med deg sjølv. Men om vi har sett kva Gud vil, fins det ingen alternativ til å leva ut eit forpliktande menighetsliv. Vår identitet er i Jesus Kristus åleine, men vi kan ikkje ha éit forhold til Jesus og eit anna til kroppen hans.

Vi har heile vår nye identitet i det nye mennesket; Jesus Kristus, saman med alle dei andre som tilhøyrer han. Og vårt borgarskap er alltid i hans rike. Det fins ingen identitet i Jesus Kristus, som lausriv oss frå søsken i Guds familie, eller som er skild frå identiteten i Jesus sin kropp på jord.