Du har hørt om Bergensbanen minutt-for-minutt, ikke sant? Sakte-TV altså. Hva med å prøve sakte-bønn? Her er en bønn du kan be i det nye året. 

Bønnen er skrevet av Erling Thu på bestilling av oss i Sennep-redaksjonen. Finn deg et tidspunkt hvor du har god tid, steng ut alle forstyrrelser, og be denne bønnen høyt. Enten alene eller sammen med flere.

Himmelske Far, trufaste Gud,
du som gjer alle ting nye!
Vi ber for det nye året og alle utfordringar
som vi kan møta i det ukjende som ligg framføre oss.
Gå med oss inn i dei nye dagane
og lat oss kvar dag få kjenna ditt nærvær.

La dette året vera eit nytt nådeår frå deg!
Gje oss nåde til å søkja deg framfor alt anna.
Gje oss nåde til å gløyma oss sjølv og heller tenkja på andre.
Gje oss nåde til å bruka alle gåvene våre i teneste for deg.
Gje oss nåde til å leva forfriska i Den Heilage Ande.
La elvar av levande vatn strøyma gjennom oss.
La rettferd, fred og glede følgja oss kvar dag.
La våre tankar vera reine og det vi seier vera sant.
Gje oss nåde til å vera trufaste i vårt tildelte arbeid.
Gje oss nåde til å vera kjærlege og rause mot vår neste.
Gje oss nåde til å sjå ditt bilete i våre medmenneske.
Gje oss nåde til å vera gode mot kvarandre i det nye året.

bonn for det nye året - sitatbilde

La dette året bli eit år med framgang og vekst for ditt rike!
La det bli eit varmare åndeleg klima mellom alle kristne.
La ditt folk vera kjenneteikna av kjærleik, håp og tru.
La oss få nåde til å ta vare på ditt ord som vårt arvegods.
La oss få nåde til å forkynna evangeliet for nye menneske.
La oss få nåde til å gjera folk til læresveinar.
La oss få sjå nye forsamlingar og levande fellesskap veksa fram.
La oss få nåde til å senda ut mange nye misjonærar.
La oss få nåde til å driva misjon blant alle innvandrarane i landet vårt.

La dette året bli eit år med fred og forsoning!
La alle ektepar leva i tilgjeving og nåde.
La barn og unge få veksa opp i trygge kår med både far og mor.
Gje politikarane mjuke hjarte med visdom og dømmekraft.
La media fremja sanning og rett og dempa konfliktar.
La alle som utdannar andre få visdom, varme og styrke til å gjera ein god jobb.
Velsigna landet vårt med nyskaping og nye arbeidsplassar.
La kunst og kultur skapa livsmot og glede.
Velsigna kongen og hans hus.
Velsigna storting og regjering.
La folket vårt alltid søkja fred og Guds gode vennskap.
La oss få vera ein nasjon av venner.