I Det gamle testamentet les vi om krig, brutalitet og straff frå Gud, noko vi ikkje finn igjen på same måten i etter Jesus kjem. Kan det vere den same guden vi les om?
Når ein les Bibelen kan det verke som om det skjer eit skifte mellom Det gamle testamentet (GT) og Det nye testamentet (NT) i korleis Gud er.
Men både i GT og NT kan vi lese mykje om korleis Gud er: Han er god. Han elsker sitt folk (5 Mos 7,8; 33,3). Han er mild og nådig, langmodig og rik på miskunn og truskap (2 Mos 34,7). I Hebrearane 13,8 kan vi lese at «Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid».
Det same gjeld og for Gud Faderen, for som Jesus seier «Eg og far er eitt» (Joh 10,30). Bibelen seier at Gud er evig og uforanderleg og ikkje har endra seg frå GT til NT.
Vi skal sjå litt på Guds karakter, og eit viktig moment er at Gud er heilag. Det vil seie sett til side, rein og perfekt – altså ei motsetning til kva menneske er. Sidan han er heilag kan ikkje vi syndige menneske komme inn til han, då det er to motstridande krefter som ikkje kan gå saman.
Eit anna viktig aspekt er at Gud er rettferdig (5 Mos 32,4; Rom 3,22-23) Sidan han er rettferdig vil han og måtte straffa urett, ugjerningar og synd. Det er umogleg for Gud å sjå mellom fingrane på synd og urett. Han dømmer alt rettferdig.
Gud elsker sitt folk
Når Jesus kom til jorda og døydde på korset, sona han den straffa alle menneske i verda skulle ha. Han tok synden på seg og vart straffa for dei i staden for oss. På denne måten kan vi som var syndige menneske vere saman med den heilage og rettferdige Gud. Vi kan komme fram til han som om vi ikkje hadde synda, sidan Jesus tok synda på seg og sigra over døden.
Lytt til Bibelkvarteret: Hvem er Gud? (Arne Olav Røe)
Før Jesus gjorde dette, hadde menneska framleis straffa hengande over seg, det var ingen som hadde teke straffa for oss. For at vi då skulle kunne nærme oss Gud var det nødvendig med mellombels soning for syndene våre. Gud gav oss lova og ofringane i GT slik at vi kunne nærme oss han gjennom å følgje hans bod og å ofre i tempelet.
Gjennom Jesus kan vi vere saman med den heilage og rettferdige Gud
Lova gav ein standard for karakter og oppførsel og viste menneska korleis dei kunne leve reint framfor Gud. Gud ynskjer seg eit folk som er heilagt slik han er (3 Mos 19,2). Forteljingane i Bibelen viser at han gir menneska moglegheiter til å bli heilage. Dyreoffera var altså ein måte å kunne få mellombels soning for syndene sine, og alt dette peikte fram på det endelege soningsofferet: Jesus.
Les også: Ubrukelig for Gud (Sunniva Ørnes)
Men sidan Jesus endå ikkje hadde teke straffa, var Gud nøydd til å dømme folket i GT når dei vende seg vekk ifrå han og levde i synd og avgudsdyrking. Det smerta Gud at folket gjorde slikt og i sin kjærleik sende han mange profetar og dommarar for at folket skulle vende om, gjorde dei ikkje det, vart han nøydd til å sende si straff.
Vi les og om mykje krigføring i GT, og dette handlar og om dom. Det var mange folkeslag i området rundt der historia om israelittane skjedde. Ein del av dei levde i synd og avgudsdyrking og var krigerske.
Gud handle ut ifrå rettferd og kjærleik til sitt folk
Gud gav dei fleire sjansar til å vende om, men når dei ikkje gjorde det, valde Gud å la folket sitt innta landet med makt og til å føre krig og drive dei ut av landet. Gjennom dette viste Gud si makt framfor alle folkeslag, slik at både israelittane og dei andre folkeslaga hadde stor ærefrykt for han. Det skal og nemnast at det er mange krigar som israelittane kjempa som ikkje var etter Guds vilje, resultatet var sjeldan godt.
Sjølv om det ikkje alltid er like lett å sjå kvifor Gud valde å gjere ting slik han gjorde, seier Bibelen at han gjorde det ut av rettferd og kjærleik til sitt folk. Han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men sidan han er heilag, må han felle dom over urett og synd. Slik er Gud både i Det gamle testamentet, Det nye testamentet og i dag.
Lytt til Bibelkvarteret: Gud er kjærleik (Erling Thu)