Han har sagt meg rettferdig ved Jesu død og oppstode. Han har tilgitt alle mine synder.

Siden Jesus døde på korset er jeg tilgitt, fri og rettferdig i Guds øyne. Da er spørsmålet om jeg er god nok fullstendig irrelevant. Jeg finner min nye identitet i hva Jesus har gjort, ikke i hva jeg får til.

Eg møter stadig kristne som snakkar mykje om identitet og i den anledning spørsmålet om at vi er “gode nok”. Det er kanskje ikkje så underleg i seg sjølv. Men eg syns det er eit litt underleg uttrykk av den enkle grunn at det ikkje samstemmer med ein bibelsk språkbruk.

Men før vi prøver å finna bakgrunnen for dette fokuset, kan det vera lurt å spørja om det er i forholdet til Gud, andre eller seg sjølv ein må vera god nok. Dette har ikkje berre å gjera med folks forståing av sin eigen identitet, men med forståinga av heile evangeliet.

Samanlikning

Ofte er det slik at menneske ikkje kjenner seg gode nok enten på grunn av samanlikning eller på grunn av eit mentalt bilete av kva som er god kristen livsførsel. Grunnen kan vera at ein ikkje fullt og heilt har forstått evangeliet, men også mange andre årsaker.

Andre gonger er det slik at kristne lever eit liv som er lite annleis enn det som er vanleg utanfor kristne samanheng, og held fast på at Guds nåde har gjort dei gode nok slik dei er, utan krav til å endra noko som helst.

Og så har det blitt meir og meir slik, også i kristne miljø, at ingen bør kommentera måten andre lever på. Kva som er rett og galt må vera opp til kva enkelt, tenkjer mange. Vi kan ha våre meiningar, men vi må ikkje seia noko. For det ville vera å dømma.

Om vi ser bror vår eller søster vår gjera synd, så seier Jesus at vi skal gå til personen og tala han eller ho til rettes på tomannshand for å hjelpa til omvending og tilgjeving og eit rett liv. (Matt 18,15) Men om vi gjer dette vil det vera mange som meiner at vi dømmer.

er du god nok 2 - sitatbilde

Og det er forsåvidt riktig. Vi dømmer mellom kva som er rett og galt. Og det må vi gjera for å hjelpa menneske og for å vera trufaste mot det ansvaret vi har for kvarandre etter Guds ord og Jesus sine påbod til oss.

At det å dømma mellom rett og galt i søsken sine liv – for i kjærleik å hjelpa dei til å vera på linje med Guds ord – skulle vera ein feil ting å gjera, har ingen grunnlag i Guds ord. Det er snarare tvert imot eit klart påbod til alle som vil leva trufast i Guds kjærleik til andre.

At vi ikkje må tru at vi er noko som skulle gje oss rett til å bry oss om korleis andre lever livet sitt er tankar med utspring i den øydeleggjande Jantelova. Men det har ingenting å gjera med Guds ord eller vilje. Men i det sekulariserte og humanistiske samfunnet er det opplese og vedteke at kvar mann har nok med oss sjølv og at vi ikkje har noko med andre sine liv.

Og så oppstår det mangel på tryggleik i livet fordi alt er uklart. Samvitet, Guds ord, andre sine meiningar og eigne følelsar ligg i strid med kvarandre og vi prøver å finna ei eller anna stadfesting på at vi er aksepterte og gode nok for Gud og menneske.

Og ofte får vi hjelp av andre velmeinande søsken som gjerne vil trøysta og oppmuntra oss med både bibelord og læresetningar som slett ikkje alltid verken står i Bibelen eller har utspring i ein bibelsk kontekst.

La oss stoppa opp ved uttrykket “god nok”. Mange gonger har eg høyrt kristne seia til andre:

  • Du er god nok som du er fordi Gud elskar deg.
  • Du treng ikkje gjera noko for å tilfredsstilla Gud. Han seier at du er god nok!

La meg seia det så klart som eg kan: Eit slikt bodskap er ikkje Bibelens evangelium og “god nok” er ikkje eit bibelsk uttrykk!

Ofte er det slik at vi går rundt med gale oppfatningar av ting Bibelen talar om. Eller at vi brukar og strevar med å forstå ord og uttrykk som berre er våre eigne og som ikkje finnast i Bibelen. Eit godt døme på eit slikt uttrykk, er «god nok». Om ein først skal snakka om å vera god nok, må ein først definera kva som er godt nok, slik at ein har ein standard å vurdera etter.

For nokre år sidan utvida eg førarkortet mitt. Sensoren som eg hadde på oppkøyringa, hadde eit par mindre kommentarar til ting han syns kunne vore litt betre. “Men”, sa han, “sånn summa summarum var det jo godt nok”. Og på arket som han gav meg til Biltilsynet, stod det “kjører godt nok”. Altså godt nok til å bestå.

Ordet “nok” er eit uttrykk for ei grense, der det enten ikkje er godt nok, eller det er godt nok. Det kan vera nesten godt nok, eller meir enn godt nok.

Dei som vil klatra mot «god nok-toppen» vil oppleva kor tungt det er å klatra. Sterk vilje og gode intensjonar kan føra deg eitt steg fram, og så vil fordømming ta deg to steg tilbake. Du vil kjenna børa av ein ryggsekk full av tilkortkoming og finna lite inspirasjon i lovtrelldomens hånlege heiarop. Dette er den eine grøfta ein kan gå i, om ein vil leva i sambuarskap med uttrykket “god nok”.

Den andre og motsette grøfta er å enda i gnostisk filosofisk tenking. Gnostisismen var ein av dei to store vranglærene som Paulus, Peter, Johannes og andre i NT heile tida måtte kjempa mot.

Kort sagt gjekk det ut på at livet ein lever ikkje betyr nokon ting, fordi det fins ein eller annan åndeleg realitet som gjeld uavhengig av det fysiske og kroppslege menneske sin respons til Gud. Frelse var av gnostikarane sett på som ein åndeleg ting. Kroppen var utelukka av frelsa og kva gjerningar kroppen gjorde betydde ingenting.

Det vil sei at eg treng ingen omvending, ingen forandring, ingen ny livsstil, ingen avlegging av den gamle menneskenaturen og ingen helging i samsvar med naturen i Kristus. Det som betyr noko er dei åndelege realitetane at Gud gjort noko åndeleg som gjer at eg er frelst uavhengig av respons til evangeliet.

Gud elskar meg, han frelste meg, difor er eg god nok som eg er. Kroppen var syndig og kunne aldri bli noko anna, meinte gnostikarane. Derfor trudde dei heller ikkje at Jesus var eit menneske i kjøt og blod.

Men Johannes seier at den ånd som fornektar at Jesus er komen i kjøt og blod, er Antikrists ånd. Grunnlaget for mi frelse, vert altså at Gud har ordna den uavhengig av min respons til evangeliet. Difor kan eg leva som eg lystar og likevel vera God nok. Men ei slik tenking held ikkje mål etter Guds ord.

Gud har ikkje sagt…

Kvifor skulle eg trengja forandring visst eg alt er god nok? Då kan eg vel slappa av og prøva å finna glede i å vera god nok, utan å ha større mål enn å vera til?

Forresten, har Gud nokon gong sagt at eg ikkje er god nok? I tilfelle må eg vel ta meg kraftig saman og prøva å tilfredsstilla Gud ved å bli god nok!

Men Gud har ikkje sagt nokon av delane. Han har aldri teke dette uttrykket i sin munn når det gjeld nokon av oss. Vi går rundt og snakkar eit språk som er så ukjent for Gud, at han helst vil sleppa å høyra det! Det er sant at Gud elskar oss uansett. Han elskar alle menneske, sjølv dei verste og mest ugudlege menneske er elska av Gud. Men det faktum åleine frelser ingen.

Når eg har trudd på evangeliet og tatt imot Jesus som frelsar og Herre, gitt livet mitt til han, har han gjort meg til ein ny skapning i Kristus og sett meg i ein heilt ny stilling framfor seg. Han har sagt meg rettferdig ved Jesu død og oppstode.

Han har tilgitt alle mine synder fordi Jesu blod vart utrend som soningsoffer for meg. Han betalte prisen med sitt eige liv, ein pris som Gud aksepterte. Han har uttrykt sin kjærleik på alle måtar. Han gler seg i fellesskapet med meg som med andre. Alt på grunn av Jesus.

Og så har han kalla meg til å stadig likna meir på Jesus, ved å drikka av alle kjelder som byggjer opp og set hans preg på livet mitt. Men at eg er god nok, eller ikkje god nok, har han aldri vore inne på. Han snakkar ikkje på den måten. Og det lagar berre krøll for oss å tenkja slik.

Vår identitet har sitt utgangspunkt i Jesus. Å leva i lovtrelldom eller å leva i synd er like ille, berre at det første er meir strevsamt enn den andre, og at det andre får meir øydeleggjande konsekvensar for andre enn det første.

Det Guds ord seier, er at utan helging skal ingen sjå Herren. Men la den motivasjonen vera styrt av kjærleik til Gud og ønske om å kjenna han ut frå full visse om tilgjeving og forsoning i Kristus.

Vi er meint å vera i forandring kvar dag vi lever, utan at forandringa ein einaste av dei dagane er grunna i at vi ikkje er gode nok. Vi er meint å veksa opp til han som er hovud for menigheiten. Vi er meint å leva i indre fornying som fører til ytre vokster og framgang for Gud.

Vi er meint å likna meir og meir på Jesus, og hjelpa kvarandre til dette. Ein dag skal vi sjå han som han er og bli han lik, seier Bibelen, og held fram: Kvar den som har denne vona til Gud, han reinsar seg sjølv, liksom Kristus er rein. (1 Joh 3,2-3)

Vi arbeider altså no, mot det målet vi veit at han ved si kraft og nåde skal fullenda for oss. Ikkje for at vi då endeleg skal bli gode nok, men fordi det er dette vi er skapte og frelste til. Vi er hans arv. Og den arven han skal få er ein menigheit som liknar på han sjølv. Full av hans liv, hans kraft, hans kjærleik, hans heilagdom og hans reine vandring i lydigheit mot Gud.

Eg kjenner heldigvis mange kristne som lever i helging og vokster, i overgiving til Gud der dei stadig ved Guds nåde opplever å ta store steg i kallet sitt og i vårt felles oppdrag. Eg gler meg over at Jesus blir meir og meir synleg i måten dei lever på og tenkjer på, snakkar på og tener på.

Det som gjer meg veldig vondt inne i meg, er når andre skuldar dei for å vera loviske fordi dei har verdiar som å leva i omvending og fordi dei strekkjer seg etter oppdraget Gud har gitt oss. Når dei ikkje vil kasta livet sitt bort framfor fjernsynet, men heller bruka meir tid med Gud, når dei prøver å hjelpa andre til å gjera det same eller når dei oppmuntrar til å leva etter Guds ord og ikkje slik dei gjer i denne verda – då vert dei skulda for å vera moraliserande, fordømande og loviske.

Realiteten er at dei er frie! Dei har eit framtidshåp som dei strekkjer seg mot med glede, dei er profetiske fordi dei vil ha no, det Gud har sagt skal koma. Dei har funne sin identitet i Jesus, hans folk og hans rike. Dei har openberring og har vakse langt forbi det nivået der ein strevar med å vera “god nok”. Dei er i ferd med å veksa til mognad og ønskjer det same for alle andre. Dei er eksempel for alle truande. Dei arbeider på si frelse, slik Bibelen seier, med ærefrykt for Gud.

Eg høyrde ein predikant som sa: Gud elskar deg akkurat slik du er. Men han elskar deg altfor høgt til å la deg bli akkurat slik du er.

Kor eg skulle ønska at vi alle såg denne sanninga i evangeliet! La oss og takka for nåden og fridomen som er gitt oss for å leva i Guds stadige forandring, bli meir og meir lik Jesus og veksa i mognad saman med og med ansvar for kvarandre. Då kan vi elska, frykta og tena Gud med frimod og med glede. For gleda i Herren er vår styrke!

Og så vil eg oppmuntra alle til å vera nøye med å forstå alle ting på den måten som Guds ord lærer oss:

Dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord (1 Kor 2,13)