Handlar evangeliet vårt berre om å koma til himmelen når me døyr, eller har det noko med livet vårt her og no i verda å gjera? Handlar det berre om tilgjeving frå synd eller handlar det også om å verta fri synda si makt?
Evangeliet eit gresk ord som tyder godt nytt, gode nyhende, ein god bodskap. Det vart brukt om godt nytt frå slagmarka. Evangeliet var godt nytt om siger, godt nytt om at fienden var slått.
Evangeliet er relevant for alle menneske.
Guds evangelium er godt nytt for alle menneske. Evangeliet er godt nytt om kva Gud har gjort for oss i Jesus Kristus. Det er Guds evangelium om Jesus Kristus, om hans død og oppstode. Evangeliet er alltid godt nytt og må forkynnast med stort frimod til alle menneske i alle kulturar! Evangeliet er relevant for alle menneske.
Trua kjem av forkynninga
Oppdraget vårt er å forkynna evangeliet. Forkynninga er viktig. Trua kjem av forkynninga. Det evangeliet me forkynner bestemmer kva slags frukt me får i arbeidet vårt. Evangeliet avgjer resultata.
Det er ei universell kjensle av at noko har gått galt.
Skaper forkynninga vår læresveinar eller berre møtegjengarar? Skaper forkynninga vår heilhjarta disiplar eller religiøse fanatikarar? Skaper forkynninga vår revolusjonære verdsborgarar?
Media er fylt av dårleg nytt. Negative hendingar møter oss alle stadar. Verda går sin skeive gang. Det er ei universell kjensle av at noko har gått galt. Livet er ikkje slik det kunne ha vore. Verda er ikkje slik me drøymer om. Noko har gått galt. Klimaendringar trugar livet på jorda. Menneskeleg egoisme trugar livet på jorda. Den skeive fordelinga av ressursar skaper harme og opprør. Trass i mange gode tiltak frå mange gode menneske går alt likevel sin skeive gang. Det verkar ikkje som om menneska kan berga seg sjølve frå den trugande øydelegginga. Kvifor?
Menneska har fire fiendar
Bibelen fortel oss at menneska har fire fiendar som prøver å øydeleggja oss. Livet er ei slagmark. Me står alle i ein kamp. Gode og vonde krefter slåst mot kvarandre. Menneska er fanga i denne kampen og ingen går fri frå striden. Dette er dei fire øydeleggjande kreftene me alle slåst mot:
- Synd og egoisme har teke oss alle til fange. Me er fødde med synd og er slavar av vår eigen medfødde egoisme. Alle menneske har synda og kjem til kort, både målt opp imot eigne forventingar og Guds heilage og gode standard.
- Døden er vår beiske fiende som alle må møta i vår felles lagnad. Sjukdom og liding er ein del av det forgjengelege menneskelivet før me møter døden, vår siste fiende.
- Djevelen er vår arge motstandar og anklagar, som berre vil stela, myrda og øydeleggja. Han er vondskapen personifisert. Slik mørke er fråvær av lys er vondskapen fråvær av godleik. Vondskapen synest å vera svært verksam i verda. Menneska møter mykje vond liding. Det er tydeleg for alle at vonde og øydeleggjande makter kjempar mot oss.
- Religiøs lovtrældom er den fjerde fienden. Han fangar menneske og gjer dei blinde. Religionane har fanga oss i lovtrældom og strev for å verta gode nok, men let oss aldri lukkast. Først blir menneske fanga i eit personleg strev etter å oppfylla den heilage lova, etterpå går ein til krig mot alle som ikkje strever for å halda denne lova. Når folk er fanga og blinda av den religiøse lovtrældomen er dei fanga av bod og reglar på ein slik måte at dei ikkje ser kor verdifulle andre menneske er. Lovtrældomen min gjer at andre folk mistar menneskeverdet. Lovtrældomen tek livet av den gode, miskunnsame, kjærlege og rettferdige Gud og gjer at ein i religionens namn kan avliva alle menneske som ikkje lever i samsvar med den heilage lova.
Desse fire fiendane våre gjer livet surt og vanskeleg for menneske over heile verda. Heile verda ligg i det vonde og alle menneske slit med religion, synd og vondskap før dei møter sin siste fiende som er døden. Det på denne bakgrunnen me forkynner evangeliet med stort frimod.
Evangeliet er godt nytt!
Evangeliet er godt nytt til menneske som slåst mot dei øydeleggjande kreftene i livet, for det er alltid knytt til kva Gud har gjort i Jesus Kristus, vår frelsar og Herre. Det er Guds evangelium om Jesus Kristus, Guds Son. Det er evangeliet om Jesus Kristus og oppstoda. Det er evangeliet om at Jesus er Messias og Herre. Det er evangeliet om Kristi herlegdom, om Guds nåde og vår frelse.
Men først og fremst er det evangeliet om Guds rike. Det er dette uttrykket som er mest brukt av både Jesus og apostlane. Det betyr at evangeliet handlar om Guds styre, at Gud er Konge. Evangeliet er knytt til at Gud har gripe inn i historia. Han har gripe inn for å frelsa heile verda frå dei fire vonde og øydeleggjande kreftene.
Evangeliet er at Gud bryr seg om menneska: Gud elskar verda, som difor ikkje er overlaten til seg sjølv. Gud har gripe inn. Gud vart menneske. Han vart ein av oss og delte våre kår. Jesus viste oss Gud. Jesus gjorde den usynlege Gud synleg. Gud er slik Jesus er. Den som har sett Jesus, har sett Gud.
Jesus gjekk omkring og gjorde vel. Han lækte dei sjuke. Han tilgav synd. Han sette folk fri frå vonde ånder. Han møtte folk med nåde og kjærleik. Han omfamna alle slags menneske og tok imot dei slik dei var. Han demonstrerte Guds rike og eit liv i fridom frå synd. Han viste oss Guds gode vilje.
Herrane i denne verda slo seg saman for å drepa han. Dei forstod ikkje kva dei gjorde då dei krossfesta han. Dei krossfesta Den Rettferdige, Den Heilage, men døden kunne ikkje halda på han. Gud reiste han opp frå dei døde og gjorde han til Herre!
Jesus gjorde ende på djevelens gjerningar. Han sletta skuldbrevet som gjekk oss imot. Han triumferte over dei vonde maktene på krossen. Han sette oss fri frå synda si makt. Ved hans nåde er me frikjent og me har fått liv og herredømme ved Jesus Kristus. Han kjøpte oss fri frå lova si forbanning og sette oss fri frå lovtrældomen. Han kjøpte oss fri frå det tome livet me arva frå fedrane. Det var Gud som i Kristus forsona oss med seg sjølv og gav oss forsoningstenesta. Kristus har sett seg ved Guds høgre hand i himmelen og ventar no berre på at alle hans fiendar skal leggjast under hans føter.
Evangeliet skaper omvending og gjev oss eit nytt hjarte og eit nytt liv. Evangeliet lærer oss å tenkja nytt, det skaper tru og tillit til Gud.
Dette er godt nytt! Dei fire fiendane som alle menneske slåst mot er overvunne! Me kan få tilgjeving og verta fri frå synda si makt. Me får evig liv og treng ikkje frykta døden. Lova er oppfylt, og me er fri frå alt strev og lovtrældom. Jesus har overvunne maktene og me kan leva eit fritt liv i Den Heilage Ande.
Forkynn dette evangeliet og folk vil venda om. Evangeliet skaper omvending og gjev oss eit nytt hjarte og eit nytt liv. Evangeliet lærer oss å tenkja nytt, det skaper tru og tillit til Gud. Me lærer å tenkja Guds tankar og å gå på Guds vegar. Evangeliet krev omvending og nytenking som skaper ein ny livskurs: bort frå egoisme og synd, men venda seg til Gud. Evangeliet skaper fellesskap med Gud og menneske. Evangeliet fører oss inn i nye relasjonar og skaper eit liv i trufast kjærleik.
Når Gud har forsona verda med seg sjølv, kan me ikkje lenger snakka om oss og dei. Gud elskar alle menneske. Frelse er ferdig for alle menneske. Gud reknar med alle, han inkluderer alle menneske i sitt frelseverk. Gud er ikkje ein fiende. Gud er forsona. Han har i Jesus Kristus rive ned alle skiljemurar mellom menneske. Han har gjort ende på fiendskapen. Fred og harmoni er oppretta!
Me kan ikkje halda dette evangeliet for oss sjølv. Me må dela det med andre.
Dette gjorde han ved å skapa eit nytt menneske i Kristus. Det gamle mennesket vart krossfest med Kristus, det døydde. Ved Jesu Kristi oppstode skapte Gud eit nytt menneske. Her er alle menneskelege skilje tekne bort. Rase, alder, kjønn, status, talentar, rikdom og liknande kan ikkje skilja oss lenger. Vi er alle ein i Kristus. Me er alle lemmer på Kristi kropp og lemmer for kvarandre. Me har kome inn i eit nytt fellesskap. Vi lever i nye relasjonar. Vi lever i trufast kjærleik. Vi lever i den nye pakt.
Me kan ikkje halda dette evangeliet for oss sjølv. Me må dela det med andre. Evangeliet gjev oss del i Guds oppdrag: å be på Kristi vegner: lat dokker forsona med Gud! Alt er ferdig. Nåden er nok. Dette er evangeliet. Det er Guds kraft til frelse for alle som trur.
Forkynn evangeliet! Evangeliet skaper håp og tru. Det frigjer Guds kraft til frelse i dei som høyrer og trur.