Når vi har brødsbryting tenkjer eg på at eg skal prøva meg sjølv.
Brødet og vinen er grunnleggende for kristne over hele verden. Slik har det vært i 2000 år. Og når Jesus inviterer oss til sitt måltid, er det et møte med evangeliet og hans nærvær.
Denne episoden av Bibelkvarteret skal handla om det som ofte blir kalla for “nattverden”, eit måltid som er viktig for kristne i alle land, men som likevel blir praktisert litt ulikt. Mange kallar det nattverd. Andre kallar det paktsmåltidet, kjærleiksmåltidet, Herrens måltid eller brødsbrytinga.
I denne første av to episodar, skal vi sjå litt på kva dette måltidet inneber, kvifor vi har det og kva som ligg i det. I den andre episoden skal vi sjå litt på korleis vi kan praktisera det i menigheten, i heimane og i fellesskapet oss kristne imellom.
Bolivia
I byen Cochabamba i Bolivia, besøkte vi ein gong ein militærleir der den bolivianske fallskjermjegertroppen hadde sin base. Det var ca 400 mann i leiren. Vi hadde fått ei open dør til å forkynna evangeliet om Jesus for heile mannskapet. Vi måtte venta litt då vi kom, fordi dei var midt i ei katolsk messe ute på den opne plassen i leiren. Min dårlege spanskkunnskap gjorde det vanskeleg for meg å få noko ut av det som føregjekk, så eg håpa at heile opplegget snart var ferdig. Men så tok presten opp ein boks med nattverdsoblat, (som er brødet dei nyttar) og eit sølvbeger som han fyllte vin oppi. Eg tenkte at med så mange å dela ut til, kan dette ta si tid.
Det kom eit par spørsmål opp i tankane mine: Ville vi som ikkje var katolikkar få vera med på måltidet? Eller ville vi eigentleg vera med, når vi ikkje forstod kva som føregjekk? Spørsmåla løyste seg heilt av seg sjølv. For presten åt eit oblatsbrød og drakk all vinen sjølv og delte ikkje ut til nokon.
Ja – ja, tenkte eg, og registrerte for meg sjølv, at dette nok ikkje var ei ordinær nattverdsgudsteneste. For det var ingen som vart inkludert. Då forsvinn heile forståinga av fellesskap. Herrens måltid er noko som har sterk fellesskapsnatur i seg. Det er også det det greske ordet “kommunion” betyr som er eit ord bibelen brukar i samband med nattverdsmåltidet.
Først får vi prøva å forklara kvifor dette eine måltidet har så mange navn og kva dei betyr.
Kjærleiksmåltid
Nattverd, er kanskje det mest brukte, men likevel det minst forklarande navnet. Nattverd, betyr berre nattmåltid, eller kveldsmåltid og kjem av at då Jesus innstifta måltidet, så var det i forbindelse med at han nettopp hadde ete det viktige Påskemåltidet saman med læresveinane sine. Det var om kvelden dei åt dette. Og han tok brød og vin som var att etter måltidet og innstifta eit nytt måltid. I eldre bibelutgåver er nattverd eit vanleg ord for dette nye måltidet som skulle høyra den nye pakta til og som kristne skulle eta saman for å minnast Jesus.
I nyare biblar, finn vi ord som kjærleiksmåltid og paktsmåltid. Dette understrekar det viktige i å minnast Jesus og fokusera på at det er hans liv som er i oss alle. Fordi vi alle, som høyrer Jesus til, ber hans liv i oss, og fordi han har elska oss så høgt, så må vi elska kvarandre med hans kjærleik og leva saman på ein måte som viser at sjølv om vi alle er ulike som menneske, så er vi eitt i Jesus.
Når vi et kjærleiksmåltidet saman, så deler vi brød og “vin” til minne om han. Då er det også tid for å prøva oss sjølv i haldningane vi har til kvarandre, slik at vi er sikker på at ikkje uforsonlege haldningar, uvilje til å tilgje, forskjellsbehandling eller slike ting får leva vidare i hjarto våre. Dette er viktig både for vår del og for Guds del, men også for at vi skal leva det livet som gjer at andre menneske rundt oss kan sjå kven Jesus er.
At det blir kalla for paktsmåltid, kjem av at det å eta ilag, var ein naturleg del av det å inngå pakt med kvarandre i den bibelske kulturen. Men det er også slik i den Guds Rike-kulturen vi som kristne lever i. Gud har oppretta ei ny pakt med oss i Jesus Kristus. Når vi tek imot han, seier vi ja til den måten å leva på som han har gitt oss ved sitt eige liv. Når vi seier ja til det, er vi også ein del av det.
Og når vi er ein del av det livet han har gitt oss, er vi også ein del av kvarandre sine liv. Vi er ikkje berre i pakt med Gud, men også med kvarandre. Paktsaspektet understrekar det ansvaret vi har for kvarandre. Vi kan ikkje la egoisme, individualisme og det som gagnar oss sjølv vera i fokus, men bera ansvaret for kvarandre med truskap.
Herren inviterer
Nokre gonger blir måltidet kalla Herrens måltid. Dette hjelper oss til å forstå kven det er som inviterer. Vi har det fantastiske privilegiet å samlast rundt Herrens bord, der han er heime hjå seg sjølv saman med oss. Det er han vi minnest så ofte som vi gjer det. Og heile måltidet handlar om han. Det er han som sjølv er mellom oss, med sin nåde til å elska, tilgje, leggja bak og verna og hjelpa kvarandre i det kvardagslivet vi lever saman.
Det Jesus gjorde då han innstifta dette måltidet, kan vi lesa i Matteusevangeliet 26,26-29:
Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
Jesus tok eit brød, takka braut det opp og gav dei: Ta imot og et! Dette er min kropp!
Livets brød
Så kan vi spørja: Kvifor brød? Kvifor bryta brødet opp? Kvifor eta av det same brødet?
For det første må vi sei litt om dette med Jesu kropp. I ulike kristne kulturar, er det ulike syn på dette med brødet og Jesu kropp. I nokre samanheng vil ein læra at når ein gir brødet og seier at dette er Jesu kropp, så skjer det ei forvandling av brødet, slik at det blir Jesu kropp. Med all respekt for at folk har ulik teologi på dette, så er eg personleg overtydd om at brødet berre er eit symbol på Jesu kropp.
I Johannesevangeliet kapittel 6 les vi mykje om dette.
Jødane som klamra seg til Moses og lova som Moses vidareformidla frå Gud, ville ha eit teikn frå Jesus for å tru på han. Og så viste dei til dei teikn som Gud hadde gitt israelsfolket då han gav dei manna på marka til mat, den gongen dei vandra i ørkenen i 40 år på veg mot landet Gud hadde lova dei.
Dei viste til skriftene der det stod: Brød frå himmelen, gav han dei å eta.
Jesus svara: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet.» Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta. (Joh 6,32-35)
Difor blir det at vi bryt brødet og deler med kvarandre, ei sterk påminning om at Jesus er det brødet som kom ned frå himmelen og at det berre er ved han, vi kan ha del i livet som Gud vil gje oss, det evige livet – hans liv inne i oss.
Jesaja seier om Jesus. Han vart sundbroten for våre synder, knust for våre misgjerningar, straffa lå på han så vi skulle ha fred og ved hans sår har vi fått lækjedom. (Jes 53,4-5)
Jesus var livets brød, og hans kropp vart broten for oss då han i kjærleik gav livet sitt for oss. Difor bryt vi brødet til minne om at han blei broten for oss.
Det er berre eitt brød.
Då vi, og alle som saman med oss, tok imot Jesus som frelsar og Herre i våre liv, skjedde det som bibelen kallar “å bli født på nytt”. Det vil seia at det gamle livet vårt blir rekna som dødt saman med Jesus på krossen. Og så får vi eit nytt liv ved hans oppstode frå dei døde. Dette nye Jesus-livet inne i oss, er reelt og annleis enn det livet vi hadde før. Det blir levd på ein ny måte etter nye verdiar og ved ei ny kraft som har tatt bustad inne i oss. Paulus uttrykkjer dette slik: “Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg”. Med andre ord; hans liv er no i oss. Det livet vi no lever, lever vi for Gud.
Les også: Menigheten er en kropp (Terje Dahle)
Det er berre eitt brød. Men når dette eine brødet blir brote og ete av mange, er det eine og same brødet inne i kvar enkelt av oss. Difor må også den relasjonen vi har Jesus, levast ut i relasjonen til kvarandre. Vi ser hans liv også i våre brødre og søstre. Det er difor det er lett å elska dei andre, slik Jesus elska oss.
Tilgjeving for synder
Vinen symboliserer Jesu blod. Jesus tok kalken (det er begeret med vin) gav dei og sa: Dette er mitt blod, paktblodet som vert utrent for mange til forlating for syndene.
I Hebrearbrevet 9,22, står det at uten at blod blir utrent, fins det ingen tilgjeving for synder. Dyreoffer som blei brukt i det gamle testamentet, peika på eit betre offer som skulle koma ein gong; Jesu blod. Blod av bukkar og oksar kunne aldri ta bort synder, lærer Bibelen oss, men dei dekka over i påvente av eit betre offer.
Jesus bar fram eit betre offer for synd, sitt eige blod bar han fram for Gud og sona alle verdens synder ein gong for alle, reinsa samvitet og stilte oss fram for Gud feilfrie, alt av nåde – tatt imot i tru.
Vinen symboliserer Jesu blod som tok bort alle våre synder då han forsona oss med Gud på denne måten. Når vi drikk av begeret og minnest Jesus og det han gjorde for oss, blir det påfallande viktig for oss å tilgje kvarandre. Det blir lett å tilgje andre når vi forstår kor mykje vi sjølve har blitt tilgjevne.
Det er for dei som har del i Kristus.
Det blir også lettare å be om tilgjeving for urett og feil vi kan ha gjort mot andre, fordi vi hugsar det Jesus lærte oss:
Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din har noko imot deg, så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt! Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. (Matt 5,23-25)
Så det å bryta brødet og dela vinen med kvarandre, er viktig. Der kjem vi på kva Jesus har gjort for oss og vi finn hjelp til å leva trufast i det paktslivet han har gitt oss, óg i relasjonane til kvarandre.
Ved å dela brød og vin med kvarandre proklamerer vi at vi er eitt folk som tilhøyrer kvarandre.
Kven kan ta del i Herrens måltid?
Difor, mine kjære, hald dykk langt borte frå avgudsdyrkinga! Eg talar til dykk som til forstandige menneske. Døm sjølve om det eg seier! Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet. Sjå på Israelsfolket! Har ikkje dei som et av offeret, del i det som skjer på altaret? Kva meiner eg med dette? At eit avgudsoffer har noko for seg, eller at ein avgud er noko? Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud. Men eg vil ikkje at de skal ha fellesskap med vonde ånder. De kan ikkje drikka både Herrens beger og begeret til vonde ånder. De kan ikkje vera med både ved Herrens bord og ved bordet til vonde ånder. Eller vågar vi vekkja Herrens harme? Er vi sterkare enn han? (1 Kor 10,14-22)
I dette avsnittet svarar Paulus på spørsmålet vårt, spørsmålet om kven som kan ta del i Herrens måltid. Fordi det å eta av brødet og drikka av begeret som er velsigna, gir del i Herrens kropp og blod, så kan vi ikkje dela dette med dei som enno dyrkar avgudar og ikkje har teke imot frelse.
Herrens måltid er eit fellesskapsmåltid som ikkje talar om eit ytre fellesskap, men eit fellesskap i Gud. Vi kan ha mange slags ytre fellesskap med alle menneske, som arbeidsfellesskap, interessefellesskap, nabofellesskap etc. Men det vi talar om her er eit åndeleg fellesskap som uttrykkje Jesus og hans liv mellom oss. Det er for dei som har del i Kristus. Det er for dei som vil ha Jesus som Herre. Det er ikkje for vidarekomne kristne, eller vellukka kristne, men for alle som bekjenner Jesus som Herre i livet sitt.
I 1 Kor 11 lærer vi dessuten at Herrens måltid ikkje er staden for å vurdera andre sine kvalifikasjonar for måltidet. Det Paulus seier her, er at vi skal sjekka oss sjølve, og våre eigne haldningar – ikkje alle dei andre sine. Når vi har brødsbryting i menigheten, så tenkjer eg alltid på at eg skal prøva meg sjølv. Det vil ikkje sei at eg begynnar å lura på om eg er verdig eller om eg kan ta del.
Les også: Gå til den det gjelder (Kirsti Wågø)
Den saka har eg avgjort for ein mannsalder sidan. Men eg tek ein liten sjekk på meg sjølv, ved å sjå ut over forsamlinga for å forsikra meg om at eg sjølv ikkje har noko uoppgjort med nokon. Av og til har eg kome på at eg hadde ein sur bemerkning til kona i ein litt stressa situasjon på morgonen.
Då er det tid for meg til å gå til henne, be om tilgjeving og dela brødbiten min med henne. Det er godt å sjå på menneska rundt oss og takka for alle og oppleva kor glade vi er i dei. Når vi ser på kvar enkelt og tenkjer på prisen Jesus betalte for dei, er det lett å sjå kor verdifulle dei alle er for Gud. Og når vi tenkjer på kor mykje vi sjølve har blitt tilgitt av Gud, er det verdens enklaste sak å leggja vekk alle anklagar mot andre, anten dei har bede oss om tilgjeving eller ikkje.
Og skulle det vera ein eller annan i forsamlinga som tek del, som vi er usikre på om dei er kristne eller ikkje, så får vi hugsa på at det er deira jobb å prøva seg sjølv, ikkje vår. Og så får vi ta det som eit teikn på at dei ber på eit ønskje om å leva for Herren og hjelpa dei til neste steg etterpå.
I neste episode skal vi sjå på ulik praksis rundt det å eta Herrens måltid saman og korleis vi kan gjera dette i ulike typar samlingar.