Det er naturleg for oss at vi har brødsbryting saman utanom gudstenesta.

De første kristne delte brød og vin i hjemmene. Vi kan derfor også gjøre det med stor frimodighet. Men hvis det eneste vi kjenner til er nattverd i kirken, hvordan skal vi gjøre dette i praksis?

 

I denne andre episoden om nattverden (eller brødsbrytinga) skal vi snakka litt om praktiske ting rundt dette viktige måltidet, særleg dette med å bryta brødet i heimane. Men sjølv om vi ser på det praktiske, gjeld det at vi ikkje blir så opptekne av det ytre at vi misser fokuset på det åndelege og det innhaldsmessige.

I samband med denne enkle gjennomgangen, vil eg førslå at du som høyrer på, les og mediterer litt på det som står i 1 Kor 11,17ff og i Apg 2,42ff.

I Apg 2,42-47 ser vi at dei første kristne rekna brødsbrytinga for veldig viktig og vi ser at dei braut brødet i heimane:

Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene. Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det. Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

Jesus hadde sagt at “så ofte som de gjer det, gjer det til minne om meg”. Desse orda hadde blitt hugsa på og levt opp til. Og det er liten tvil om at det hadde ein viktig betydning for livet dei levde saman. Vi ser korleis dei tok vare på kvarandre når det gjalt materielle behov. Jesus på innsida av dei, hadde verknad på utsida. Det indre livet fekk konkrete og praktiske følgjer. Dei heldt saman og hadde alt i lag. Dei gav av sitt eige, slik at dei som ikkje hadde nok, fekk det dei trong.

nattverden 2 - sitatbilde

Det å koma saman til fellesskap, ser ut til å ha hatt så stor betydning for dei at dei gjorde det kvar dag. Alt før pinsedagen, hadde dei som vane å treffast på tempelplassen for å lova og prisa Gud. (Luk 24,53) Dette heldt dei fram med også då menigheten hadde blitt etablert og evangeliet hadde stor framgang i Jerusalem.

Det har eit innhald og det gir meining.

Men dei samlast i heimane også. Der braut dei brødet, og åt ilag med ekte og inderleg glede. Det høyrest ut til at dei også hadde større måltid saman. Og i samband med desse, braut dei også brødet. Det var forsåvidt slik Jesus gjorde det óg då han innstifta nattverdsmåltidet i forlengelsen av at dei hadde ete påskemåltidet.

Dette med å bryta brødet i heimane har derfor tradisjon heilt tilbake til den første kristne tid. Det er difor heilt naturleg for oss også at vi har brødsbryting saman utanom gudstenesta og dei store samlingane.

Det er alltid godt å minnast Jesus.

Mange menigheter idag har ulike samlingar i heimane; Cellegrupper, bibelgrupper, bønnegrupper, i alle slike samlingar er brødsbrytinga noko som har sin heilt naturlege plass.

Men heimen er også arena for mange andre fellesskap, ikkje minst familiefellesskapet.

Eg og kona har eit vennepar som bur i Mellom-Europa. Vi har besøkt dei eit par gonger og hatt mange middagsbesøk i heimen deira. Før vi tek til på maten, tek mannen i huset eit flatbrød, bryt det opp og deler med oss og fyller litt saft i glasa våre. Så takkar han Gud, proklamerer Guds løfter over liva våre og seier fram Guds velsigning over oss. Dette gjer han kvar gong familien sit rundt middagsbordet, ikkje berre når dei har gjester.

Å bryta brødet i heimane har tradisjon heilt tilbake til den første kristne tid.

Det er til styrke for trua vår å ta imot velsigning frå eit slikt fellesskap. Det er stort å sjå Guds truskap og velsigning i det Jesus gjorde for oss på krossen. Samtidig ser vi kor enkelt det er å bryta brødet. Vi ber gjerne ei bøn før maten uansett, så kvifor ikkje bryta brødet i same anledning.

Om det er eit middagsbesøk, eit arbeidsfellesskap, eller ei samling av folk i menigheten, har det å bryta brødet og dela Herrens måltid sin heilt naturlege plass, både i heimen og utanføre.

Ektepar

Ekteskapet mellom mann og kone er eit paktsforhold der mykje av kjærleiksrelasjonen mellom dei to handlar om å tena kvarandre, æra og elska kvarandre og leggja ned livet for kvarandre. Ekteskapet skal gjenspegla forholdet mellom Jesus og menigheten. (Ef 5,21-33) Dei to skal vera eitt, dei skal vera underordna kvarandre i ærefrykt for Herren. Mannen skal elska kona si slik Jesus elska menigheten og gav seg sjølv for henne etc.

Les også: Ingen selvutviklingskurs er bedre enn ekteskapet (Erling Thu)

Kva er meir naturleg for ektefolk som ønskjer å leva saman i truskap på Guds måte, enn å minnast Jesus, ved å bryta brødet saman. Det er lettare å hugsa på å leggja ned livet for kvarandre når vi minnest korleis Jesus la ned livet sitt for oss. Og når vi deler Jesu kropp og blod på denne måten, og på same tid praktiserer det å leggja ned livet for kvarandre, så forkynner vi noko, utan nødvendigvis å bruka ord. Vi forkynner ved å demonstrera. Det står slik i 1 Kor 11,26:

For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.

Når vi forkynner hans død, blir vi påminnte korleis vårt gamle liv er skjult med Jesus. Vårt gamle menneske døydde med han på krossen. Og når det gamle er borte er også det nye livet frigjort inne i oss til å vera som Jesus er, i kvardagen og i kvardagslivet.
Difor har eg dette å anbefala til alle ektepar: Førebu eit lite rundstykke og litt vin eller saft i eit glas ved frukostbordet eller ved kveldsmaten. Del med kvarandre, et og styrk kvarandre med gode ord og velsigning, med takk til Gud og bønn for kvarandre.

Å bryta brødet er ikkje berre eit «rituale». Men det har eit innhald og det gir meining. Vi skal ikkje ta det useriøst og lettvindt, for pakta med Herren forpliktar. Måten det blir gjort på kan variera i forhold til det som er situasjonen. Når vi feirer Herrens måltid i samband med gudstenester, vil mange forsamlingar lesa det same avsnittet frå 1 Kor 11. Kvar gong. Der siterer Paulus, det som Jesus sa då han innstifta måltidet. Dette trur eg, kan vera ei god hjelp til å forstå kva som skjer og til å minnast Jesus på rett måte.

Ved andre anledningar, for eksempel når mann og kone bryt brødet, kan det ofte vera like naturleg berre å takka og be for kvarandre og sei gode ord til kvarandre, ord som styrkjer pakta dei som ektepar imellom.

Les også: Hva bør jeg se etter hos en kjæreste (Morten Gundersen)

Kva vi seier og korleis vi organiserer brødsbryting reint praktisk, særleg i mindre settingar, kan også ha utgangspunkt i ein eller annan situasjon eller tema. Ein gong, kan det å tilgje og ta imot tilgjeving stå sentralt. Ein annan gong kan fokuset vera på å bli ståande fast i kampen som ofte følgjer utfordringane rundt oss. Derfor blir også bønnene vi ber og det vi seier rundt, varierande og knytt opp til den aktuelle situasjonen vi er i der og då.

Uansett utgangspunkt – det er alltid godt å minnast Jesus og finna hjelp i det å stå saman i den nye pakt som han oppretta med sitt eige blod.

Vi forkynner ved å demonstrera.

Kva med barna, kan dei ta del i brødsbrytinga? Og eventuelt frå kva alder?

Om dette, fins det ulike meiningar og ulik praksis. Mange meiner at barna har sin heilt naturlege plass heilt frå dei kan ta til seg fast føde. I dei fleste tilfeller vil det vera foreldra som veit best kor barna er i prosessen av å ta imot Jesus som sin Herre og Frelsar.

Les også: Vis vei for barna med livet ditt (Håvard Kjøllesdal)

Mi personlege meining er at desse vurderingane ikkje må hoppast bukk over. Om foreldra vil bryta brødet i heimen mens barna er til stades, gir dette ein veldig fin anledning til å snakka med barna og forklara det innhaldsmessige rundt måltidet. Det kan dessutan bli eit veldig godt utgangspunkt for å snakka om evangeliet generelt. La barna vera i ein prosess der dette med å tru og å gje respons til evangeliet vert ein personleg ting som gjer dei delaktige på eit solid grunnlag.

Evangeliet er ikkje berre for vaksne. Barna har óg rett til å høyra det evangeliet som har kraft til å frelsa. Sjølve prosessen kan ta tid, men den er viktig nok til at ein må ta tida til hjelp. Om barna må venta med å ta del i paktsmåltidet til dei har kome fram til si eiga avgjerd om å følgja Jesus, er ikkje eit hinder for dei, men det kan gjerne bli ei avgjerande hjelp til å koma fram til ei personleg tru som både bør markerast og feirast, når den er der.

Det er foreldra som har det største ansvaret for å gå veien saman med barna, og då må det også vera dei som avgjer om og når dei kan ta del i brødsbrytinga. For somme kan det vera tidleg, for andre langt seinare.

Gudstenestene

No har vi snakka litt om ulike anledningar vi har til å feira Herrens måltid i heimane. Og vi ser at det er ting som tyder på at dei braut brødet i samband med vanlege måltid. Dette kan synast å vera slik også ved gudstenestefeiringa i den første kristne kyrkja. Blant forsamlingane som Paulus skreiv til, er det helst til menigheten i Korint, han tek opp dette med brødsbrytinga. Dette er kanskje slik fordi Paulus fann det nødvendig å korrigera måten dei gjorde det på. Men vi får heller sjå det positive i alt vi faktisk kan læra mykje av at dei måtte korrigerast.

Så korleis var det då i Korint?

Jau, for det første ser det ut til at dei også hadde eit vanleg måltid når dei kom saman til gudsteneste. Det var mykje folk der. Mange var rike folk som hadde mykje mat med seg, andre var fattige og hadde ingenting.

Tenk på kroppen.

Problemet var at dei rike ikkje delte med dei som var fattige. Dei som hadde mat, åt og åt utan syn for andre enn seg sjølv. Dei hadde rikeleg med vin med seg, og drakk så mykje at fleire vart fulle. Ein livsstil prega av forskjellsbehandling, grådigheit og overflod på bekostning av fattige søsken i same menighet, er ikkje i samsvar med det Jesus-livet vi er kalla til å leva.

Les også: Sabbaten er tilbake (Terje Dahle)

Tvert imot bryt slike ting ned der meininga er å byggja opp, det gjer skade der det skulle gitt lækjedom og det splittar der det skulle gitt einskap. Det er berre eitt brød, Jesus Kristus. Han tek imot alle og har blitt tatt imot av alle. Det er berre ein Kristi kropp, men den har mange lemmer som Gud har sett saman for at det ikkje skal vera splid, men slik at alle lemmene skal ha same omsorg for kvarandre.

Evangeliet er ikkje berre for vaksne.

Tenk på kroppen. Vi kan ikkje ha eit anna forhold til Jesu kropp, enn forholdet vi har til Jesus sjølv. Vi kan ikkje inkludera dei vi likar og ekskludera andre. Vi kan ikkje favorisera somme og vera uforsonlege med resten. Vi kan ikkje elska dei vi har god kjemi med, og unngå dei irriterande og dei med lavare status. Nei…:

…dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg; dei andre lemene treng det ikkje. Men Gud har sett kroppen saman slik at det som manglar ære, heller får større ære, så det ikkje skal vera strid i kroppen, men at lemene skal ha same omsorg for kvarandre. (1 Kor 12,23–25)

Jesus kunne sikkert sagt mange ting som kunne vore nyttig både om innhald og om praksis. Kanskje han overlet til apostlane å undervisa om dette. Sjølv sa han lite om korleis vi skulle feira det viktige pakts- og fellesskapsmåltidet. Men dei få orda han sa, trur eg var veldig viktige ord.

Eg vil at desse skal vera avslutningsorda i denne enkle undervisninga om Herrens måltid og håpar at du som høyrer på vil ta deg tid til å meditera på dei: Han sa:

Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!

Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!