Rettferdiggjørelsen er ingen prosess, men en engangshendelse.
Rettferdiggjering ved tru står i sentrum av evangeliet. Men kva betyr det eigentleg? Er det mogleg for eit syndig menneske å bli rekna som rettferdig framfor ein heilag Gud? Bibelen gir oss eit tydeleg svar.
Eg har alltid vore ivrig etter å stille spørsmål og å leite etter svar. Bibelen er full av menn som stiller spørsmål og leiter etter svar. I denne artikkelen ønsker eg å stille det viktigaste spørsmålet som vert stilt i Bibelen. Spørsmålet vart stilt heilt tilbake til Job sine dagar. Sjølv om Jobs bok er plassert midt i det Gamle Testamentet, vert boka rekna blant teologar som den tidlegaste boka i Bibelen som er skrive – også før 1 Mosebok, som truleg er skriven av Moses. Job, Elifas og Bildad stiller alle det same spørsmålet. No lurer du kanskje på kva dette viktige spørsmålet er?
Elifas stiller først spørsmålet:
«Kan vel eit menneske vera rettferdig for Gud? Kan ein mann vera rein for sin skapar?» (Job 4,17).
Job spør vidare:
«Korleis kan ein mann vert rekna som rettferdig hos Gud?» (Job 9,2).
Også Bildad stilte det same spørsmål:
«Kan eit menneske vera rettferdig for Gud, kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein? Sjølv månen skin ikkje klårt, stjernene er ikkje reine i hans auge.» (Job 25,4-5).
Har du lurt på det same? Det er ingen sjølvfølge at Gud skulle rettferdiggjere nokon. Viss du tenker at det er ein sjølvfølge så ta ein kikk på boda og du vert røva frå sjølvtilliten du før hadde. Å halde boda er ikkje eit grunnlag Gud godtek for å bli rekna rettferdig for han for det krevjast perfeksjon. Eg og du og alle andre har synda mot Guds lover. Difor bør vi forundre oss over korleis Gud i kan gjere eit menneske rettferdig?
I det naturlege så ville ein norsk dommar aldri latt ein lovbrytar som har utvist nødvendig skuld gå ustraffa. Vi lengter alle etter eit samfunn der rettferd rår, og der rett dom blir dømd. Ein dommar som let den skuldige gå ustraffa er ikkje skikka til å dømme og Herren sjølv avskyr dommarar som frikjenner dei skuldige (Ordt 17,15). Eit slikt samfunn har ikkje Gud behag i, og Gud er heller ikkje ein slik dommar. Gud er rettens Gud og fundamentet for hans trone er rettferd (Sal 89,14).
Ein dommars oppgåve er eine og åleine å halde oppe retten gjennom å dømme i samsvar med lov. Gud har same haldning mot menneska som står skuldig og ugudeleg framfor hans dommarsete. Herren ønskjer å halde retten oppe og vil aldri skyve synd og urett under teppet. Gud seier sjølv: «Eg vil på ingen måte la den ugudelege gå ustraffa» (2 Mos 34,6-7) og «eg vil ikkje frikjenna den skuldige» (2 Mos 23,7).
Ein kvar unnskyldning framfor Gud kan ikkje aksepterast fordi «kvar munn skal teia» framfor Gud (Rom 3,19). Gud kan ikkje senke sin eigen standard for å godkjenne oss med vår synd (Rom 3,24). Om Gud frikjenner oss så er han urettferdig (Rom 2,6). For syndene våre må vi sone, «alle som syndar må døy» (Rom 2,12). Viss vi stoppa no, så har vi ingen evangelium, men berre dårlege nyheiter for oss. Vi bør difor verkeleg undre oss over spørsmålet som vart stilt i Jobs tid – korleis kan eit menneske vera rettferdig for Gud?
Kva seier Bibelen?
Galatarane 2,16:
«Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig.
Galatarane 2,21:
«Eg forkastar ikkje Guds nåde. For dersom vi kan vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til inga nytte».
Galatarane 3, 5-6:
«Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur? Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.»
Galatarane 3,8:
«Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.»
Galatarane 3,10-12:
«Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. Det er klårt at ingen blir rettferdig for Gud ved lova, for det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. Lova spør ikkje etter tru, men seier: Den som lever etter boda, skal ha liv ved dei.»
Les versa ovanfor sakte ein gong til, og tell kor ofte Paulus nemner tru og rettferd! Oppsummert skriver Paulus at evangeliet er å bli erklært rettferdig framfor Gud ved tru. Å erklære betyr her å tilskrive, tilordne, kreditere, eller å leggje noko til kontoen til ein person. På vår konto står det at vi er rettferdig framfor Gud. Vi har ingenting å komme med for vår rettferdigjering. Paulus skriver om rettferda vi får av lova og kor ubrukeleg den er. Om du prøva å vinne rettferd ved lova er det som om du prøver å eliminere Jesu fullbrakte offer. Paulus opplevde at bodet som var gjeve han til liv vart til død. Rettferda vi får av å halde lova er difor unyttig, sidan lova spør ikkje etter tru. Vidare skal vi gå til eit bibelvers i Filipperbrevet.
Filipparane 3,9:
«Og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gjev, men med den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua.»
Dette bibelverset talar om to typar rettferdigheit. Eigenrettferda – du held det og det bodet, men bryt dette og dette bodet, dermed er du så og så rettferdig etter lova. Eigenrettferda kjem altså frå lova, men Guds rettferd kjem frå Gud. For å vere rettferdig framfor Gud må du ha Guds rettferd. Guds rettferd får ein berre gjennom trua på Kristus. Det betyr at vi må kaste vekk eigenrettferda i saken om frelse. Når du har trudd på Kristus blir Guds rettferd overført på deg. Vidare står det i Romerbrevet:
Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad… Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus. Men i vår tid ville han… seie rettferdig den som trur på Jesus…For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar. (Romarane 3, vers 22, 24, 26 og 28)
Guds rettferd blir gjeven til dei som trur på Jesus. Du kan ikkje jobbe deg til det. Guds rettferd er noko som blir gitt oss utanfrå. Dermed er det ein ufortent gåve. Viss du går på butikken og sjefen seier her ta den beste frakken gratis, og så kjeme du heim til kona og seier «sjå her kva eg gjorde meg fortjent» til så er det totalt irrasjonelt å skryte av. Du seier heller til kona, «sjå kva eg fekk i gåve». Guds rettferd er som ei kappe som skjuler synd framfor Guds åsyn. Den er gitt oss av sjefen – altså eigaren av kappa, og som innehar retten til å gje den vidare. Gåva gjer at vi kan bli ståande framfor Gud som posisjonell rettferdig.
Å få Guds rettferd er uffateleg ufortent. Det er som å be Ole gå å jobbe hardt for å kjøpe ein bil, men i staden så dreg han på seg ei stor gjeld og får difor aldri råd til bilen. Ole får aldri til å nedbetale gjelda, han prøver, men får det ikkje til. Gud er då den som nedbetaler først gjelda Ole pådrog seg, og ikkje nok med det, i tillegg kjøper han bilen i gåve. Vi har fått nåde over miskunn. Trua står utan lovgjerningar. Det vil seie gjerningar som lova krev blir ikkje lagt i tillegg til trua når Gud rettferdiggjer nokon. Gjerningane kjem etterpå som frukt av at du er rettferdig.
Det å bli rettferdig betyr ikkje at du sluttar å synde. Det står i teksten at Gud seier rettferdig, og at han kjende dei rettferdig. Kva betyr det? Å rettferdiggjere oss er ei hending der Gud juridisk erklæra at vi er fri frå lovens fordømming og djevelens anklager. Rettferdiggjørelsen er ingen prosess, men en engangshendelse. Helligjørelse er en prosess. Rettferdiggjeirng er frelse frå syndens straff, medan heilaggjering er meir ein endring i relasjonen ditt til å synde – du vil synde mindre. Rettferdiggjering er då meir ein endring i forholdet ditt til Gud. Endringa er at syndarens forhold til Gud går frå fordømt til fri frå fordømmelse. Den som i Guds himmelske rettsal er erklært uskuldig og rett framfor Gud, er frikjend frå fordømmelse (Rom 8,1).
Ofte høyrer vi gode nyheiter i avisene. Men det som er ein god nyheit for nokon, er ofte ein dårlig nyheit for andre. Det er ein god nyheit for supporter Ole at Real Madrid vann fotballkampen, men på same tid er det ein dårlig nyheit for det supporterane til det tapande lag. Det er ein dårlig nyheit for strandklare Isak at regnet kom, men det er ein god nyheit for bonden Jonathan. I desse tilfella er det nokon som vert glade og andre skuffa. Difor er evangeliet dei beste nyheitene nokensinne fordi det er godt nytt overalt. Evangeliet er ikkje berre godt nytt til sør-amerikanarar og asiatar. Det er også godt nytt til afrikanarar og europearar. Problemet med skuld og synd er universelt fordi det gjeld alle. Evangeliet om Guds rettferd er gode nyheiter overalt sidan alle har det same problemet med skuld.
Kor viktig er «rettferdiggjering av tru»?
Dette spørsmålet er av enorm betydning ifølgje Bibelen sjølv. Men også gudsmenn gjennom kyrkjehistoria har satte ord på viktigheiten av denne sanninga.
«Heller ikke vi, som ved hans vilje er kalt i Jesus Kristus, blir rettferdiggjort ved oss selv eller ved vår visdom eller innsikt eller fromhet eller gjerninger som vi har utført med et rent hjerte, men vi blir rettferdiggjort ved troen. For ved troen har den allmektige Gud rettferdiggjort alle fra begynnelsen av.» (1 Klemens 32,4)
«Han har gitt seg til kjenne gjennom troen, og ved tro alene er det gitt å se Gud.» (Diognetes 8,6)
Martin Luther sa: «Den som avvik frå rettferdiggjeringa ved tru, kjenner ikkje Gud og er ein avgudsdyrkar. … For når denne sanninga blir teken bort, står det ikkje att noko anna enn villfaring, hykleri, gudløyse og avgudsdyrking. Dersom sanninga om rettferdiggjering går tapt, er all kristen lære samstundes tapt. … Denne læra er hovudet og hjørnesteinen. Ho åleine føder, nærer, byggjer, bevarer og forsvarar Guds kyrkjelyd; og utan ho kan ikkje Guds kyrkjelyd eksistere ein einaste time. For ingen som manglar denne artikkelen eller, for å bruke Paulus’ uttrykk, denne ‘sunne læra’ (Titus 2:1), er i stand til å undervise rett i kyrkjelyden eller med hell stå imot nokon motstandar. … Kvar veke forkynner eg rettferdiggjering ved tru for mine tilhøyrarar, for kvar veke gløymer dei det.»
Praktisk: Kva gjer denne læra med oss?
Resulatet av å vere rettferdig med Gud anvendt til din og min situasjon har noko å seie for liva vi lever.
Fred med Gud: Rettferdiggjering inneber at den truande har vorte forsona med Gud. Dette gir ei djup, indre fred, sidan ein ikkje lenger er under Guds vreide eller dom, men i staden er i eit rett forhold til Han.
Fridom frå skuld: Når ein er rettferdiggjort, er ein òg frigjord frå skuldkjensle for synder. Dette kan føre til ei større kjensle av lettheit og fridom i kvardagen, fordi ein veit at syndene er tilgjevne.
Tryggleik om frelse: Rettferdiggjeringa gir ei vissheit om frelsa. Sidan ho ikkje er basert på eigne gjerningar, men på trua på Jesu offer, kan den truande vere trygg på sitt evige liv.
Audmjukskap: Forståinga av at rettferdiggjeringa er ei gåve frå Gud, og ikkje noko ein kan oppnå sjølv, fremjar audmjukskap. Det minner den truande på at alt godt i livet er eit resultat av Guds nåde.
Oppsummert:
- Det viktigaste spørsmålet stilt av menneska i Bibelen er: «korleis kan eit menneske stå rettferdig framfor Gud?»
- Utgangspunktet er at alle mennesker står skuldig framfor Guds dommarsete og Guds holdning er at: «Eg vil ikkje frikjenna den skuldige» (2 mos 23,7).
- For syndene våre må vi sone, men Jesus har sona for oss. Herlegdomens Herre har gjort noko med skuldproblemet vårt.
- Oppsummert er det gjennom tru og tru ålene at frelse skjer. Tru er ein del av grunnvollen og knytter oss saman. Tru er inngangen til Guds rike, og vandringa i Guds rike. Det er gjennom trua at vi får Guds rettferdigheit i gåve. I stedet for å stole på oss selv, stoler vi på ein annan: Jesus Kristus. Selvfølgelig er det intet anna enn Guds rettferdighet som kan hjelpe oss å komme inn i himmelen (Rom 1,17).
Til slutt vil eg be alle som leser (og høyrer) denne teksten å prøve den mot Guds ord. Ordet åleine er sanning. Eg er så glad for at vi forkynner rettferdiggjering ved tru, men forkynner vi dybden i denne læra ofte nok i vår samanheng? Til alle dykk som forkynner vil eg stilje spørsmålet – når var sist du forkynte rettferdigjering ved tru åleine?